Sjelesorg

Sjelesorg

Før eller seinare kjem dei fleste menneske i ein situasjon der det er godt å kunna snakka med eit anna menneske om noko som er vanskeleg.

Når det ikkje er naturleg å snakka med nokon av dei næraste ein har rundt seg, kan det å snakka med ein prest vera eit alternativ.

 Prestane har spesialutdanning innan sjelesorg. Dei er vane med å lytta til menneske og har teieplikt. Det er ikkje slik at presten sit med alle svara, men mange har opplevd at berre ved å setja ord på problemet, så blir det lettare å finna vegen vidare.

 Sjelesorg er ikkje terapi og prestane er ikkje terapeutar. Men dersom det viser seg at nokon treng anna samtaletilbod enn sjelesorg, så har prestane også høve til å gje råd om anna tilbod.

 Den som ynskjer ein samtale med ein av prestane kan ringja til kyrkjekontoret og gjera ein avtale.

 Samtale med prest kostar ikkje noko.


Del denne artikkel på e-post