GIVARTENESTE

GIVARTENESTE

Informasjon om givarteneste for trusopplæringa i Bø kyrkjelyd.

Tilbodet for barn og unge i kyrkja i Bø er aukande. Det er ny stor satsing på kor for alle frå 0 – 100 år, vi har faste samlingar for femteklassingar på Give me five, søndagsskulen har samlingar på mange av gudstenestene gjennom året, ungdomsklubben FredagsBiT samlar mange ungdommar annankvar fredag, det blir arrangert jubeldøgn, 24-festival, filmfestival, pilegrimsvandring og familiesamling på Jønnbu. Konfirmasjonstida i kyrkjelyden er utvikla vidare med ei heil vekes leir saman med konfirmantar frå heile prostiet. Ungdomsleiaropplegget Ønsket og Elsket er eit nytt og viktig bidrag for dei eldste ungdommane. Vi har dei tradisjonelle samlingane i kyrkja med utdeling av fireårsbok, karnevalsgudsteneste og utdeling av bok til alle 6-åringar. Nytt er også Luciaforestilling med overnatting i kyrkja.

Finansiering av trusopplæringa skjer fyrst og fremst gjennom trusopplæringsmidlar overført frå Agder og Telemark bispedømme. Men dette er ikkje nok for å finansiere alt som skjer. Den nye satsinga på kor er såpass stor at vi har stort håp om at givartenesta kan bidra til økonomien.

Dersom du har lyst til å vere med på å bidra til givartenesta er det slik at alle som gir over 500 kroner årleg kan få dette registrert som skattefrie gåver. Øvre grense for skattefrie gåver er 30.000 kroner. Dersom du ynskjer å vere med i givartenesta kan du legge inn fast valfritt beløp til konto nummer 2630.07.13466 og merke beløpet med «givarteneste». Da ordnar kyrkjekontoret med resten og rapporterer til skatteetaten. Ta gjerne kontakt med kyrkjekontoret om det er noko som er uklart. 35 06 10 40 eller post@bokyrkje.no.

Venleg helsing givartenesteutvalet i Bø kyrkjelyd


Del denne artikkel på e-post