KORSKULEN I BØ          

 

Ledere: Grete Hasselgård Sele (91556348) og Rolf Axelsen Lie (95183114)

 

     

Håper du fant det du lette etter, og at det som står her er til nytte. 

Gi oss allikevel beskjed om du syns noe mangler: rolf@bokyrkje.no

 


Påmelding: trykk her  (for alle kora)

Babysang og Musikkleik:  Nye kurs starter torsdag 23. eller 30. august, og har samlinger hver 14.dag på Bø bedehus 
Max 12 deltagere - Ved stor påmelding kan det bli aktuelt å arrangere flere grupper.   
SingLett - max 35. Først til mølla! NB. merk med skole slik at vi vet om henting med bil eller gåbuss. 

Korskulen i Bø kyrkjelyd

Korskulen er drifta av Bø sokneråd, og blir drive som ein profesjonell korskule for born, ungdom og vaksne. For å sikre eit godt pedagogisk og musikalsk nivå er det naudsynt med ein effektiv organisasjon, og båe kyrkjemusikarane dreg lasset saman. (Jfr. Kyrkjemusikalsk plan, Bø sokneråd) Kyrkjemusikarane er dei kunstneriske og musikalske leiarane for alle gruppene tilknytta korskulen. Grete Hasselgård Sele (musikkpedagog)og Rolf Axelsen Lie (organist) har begge utdanning i og lang erfaring frå korarbeid, og frå pedagogisk arbeid med barn. Korerfaringa strekk seg frå barnekor og gospelkor, via studentkor til klassisk kyrkjekor.

Korarbeidet er ein av grunnpilarane i kyrkjelyden, og er i tillegg til det musikalske også ein viktig del av kyrkja si trusopplæring. Gjennom songen får både vaksne og unge korsongarar eit nært og personleg forhold til kyrkja og gudstenesta, og er med på å gje kyrkjelyden eit variert uttrykk og inntrykk av trua og truslivet. Korskulen i Bø har som føremål å samle både barn, ungdom og vaksne i eit sangfellesskap der den kristne bodskapen er synleg. På denne måten er korskulen i Bø både kyrkjelydsarbeid, trusopplæring og kunstnerisk arbeid på ein gong.

Hausten 1997 blei Minikoret og SingLett starta opp som ein del av arbeidet til organisten i Bø kyrkjelyd. Frå før av fanst det eit godt etablert kyrkjekor for dei vaksne songarane. Korarbeidet er i stadig utvekling,  og nye grupper med ulike behov har vokse fram.

Frå hausten 2017 har Korskulen fylgjande tilbod:

Babysong: Foreldre med born 0-1 år

Musikkleik: Forledre med born 1 og 2 år

Minikoret: Born frå 3-5 år

SingLett: Born frå 1.-3. klasse

Seltin: Born frå 4.-7. klasse

Ragazze: Jentekor frå 8. klasse og oppetter

Kyrkjekoret: Kor for vaksne i alle aldrar

 

Ung Kirkesang er ein landsdekkande organisasjon med meir enn 8000 medlemmer. Barnekora i Bø er medlem av Ung Kirkesang. Med alle våre aktive songarar, har Barnekora i Bø utemerka seg i den nasjonale organisajonen. Korleiarane våre, Rolf og Grete, er og aktive i Ung Kirkesang Agder og Telemark (UKAT) www.sang.no