Vigsel

Par som ynskjer å gifta seg i Bø kyrkje eller i Gamlekyrkja, må ta kontakt med kyrkjekontoret i god tid på førehand for å avtala tisdpunkt. I tillegg må brudeparet ordna alle vigselspapir hos Folkeregisteret. Dette bør gjerast minst ein månad før vigselsdatoen og seinast to veker før. Presten ynskjer alltid å ha ein samtale med paret som skal gifte seg og vil øve saman med dei på det som skal skje i kyrkja.

 

Under handlinga kan det gjevast rom for medverknad av ulike slag. Det kan vera medverknad frå bryllaupsfølgjet ved enkelte av dei liturgiske ledda, og det kan vera tillegg til handlinga i form av musikk eller høgtlesning, eventuelt kombinert med at det vert tent ljos i ljosgloben. Blant dei kulturelle innslaga kan det og opnast for element som understrekar den etniske bakgrunnen til brudeparet. Der den eine parten tilhøyrer eit anna kyrkjesamfunn enn Den norske kyrkja, kan det etter godkjenning av biskopen opnast for deltaking frå vedkommande kyrkjesamfunn. Både når det gjeld medverknad frå andre kyrkjesamfunn og kulturelle innslag, skal desse tilpassast den gudstenestelege karakteren til vigselshandlinga og ikkje bryta med trusgrunnlaget i Den norske kyrkja.

 

Hovudpunkta i kyrkjeleg vigsel er:

- 1 Preludium/ Inngang
- 2 Inngangsord
- 3 Salme (kan utgå)
- 4 Skriftlesning
- 5 Salme
- 6 Tale
- 7 Ekteskapsinngåing
- 8 Overrekking av ringar (kan utgå)
- 9 Forbøn
- 10 Musikk/ symbolhandlingar (kan utgå)
- 11Salme
- 12 Velsigning
- 13 Utgang

Innslag som kjem som tillegg til liturgien, kan plasserast etter ledd 9 Forbøn

Vigsel i kyrkjene på Bøhaugen kostar ikkje noko for kyrkjemedlemmer som er eller har vore folkeregistrert i Bø. Andre må betale for leige av kyrkja, organist og prest etter gjeldande takstar. Meir informasjon om dette kan du få ved å vende seg til kyrkjekontoret.

Dei aller fleste ynskjer vigsel på laurdag, men andre dagar er og moglege. I ferieavviklingstida om sommaren har vi to faste tidspunkt for vigsel:             klokka 12.30 og 14.00.