24-hours festival Gullbring kulturanlegg 30.-31.mars


24 Hours Festival er ein omreisande festival for 5.-7.klassingar i regi av Stiftinga Skjærgårdsgospel som arrangerast i samarbeid med lokale kristne kyrkjelydar, forsamlingar og barnearbeid.  30.-31.mars skjer det i Bø!

 

 

 

24 HOURS FESTIVAL 30.-31.mars
- 1 idrettshall, 1 døgn, 1 Gud, 1 oppleving for livet

- 24 timar med aktivitetar, musikk, vener, kreativ forkynning, hoppeslott, konkurransar, soving, kino...

24 Hours Festival er ein omreisande festival i regi av Stiftinga Skjærgårdsgospel som arrangerast i samarbeid med lokale kristne kyrkjelydar, forsamlingar og barnearbeid.

24 Hours Festival gir barn frå 5. - 7. klasse aktivitetar, leiker, fellesskap og kreativ forkynning i rammen av ein 24 timers festival i sitt nærmiljø. Dei ynskjer å gi ungane ein spanande, engasjerande og utfordrande festivaloppleving der dei møter fellesskap, Jesus og aktivitetane dei kun har drøymt om, i store, men trygge omgjevnadar.

For dei som har lyst til å legge seg litt tidlegare og droppe nattkino, blir det satt av eit eige stille rom i nærleiken av tribunene. Der kan ein leggje seg for å sove etter kveldsmaten.

Prisen for arrangementet er 500 kroner. Det er 50 kroner i søskenmoderasjon for søsken nummer to og eventuelt nummer tre. Betaling skjer på kontonummer 2630.07.13466. Hugs på å merke med namn på deltakar, dette er veldig viktig! Ikkje bruk "straksbetaling".

Du kan melde deg på HER.
Frist for på melding er tirsdag 26.mars. Hugs at påmeldinga ikkje er gyldig før deltakaravgift er betalt, og at overføing tar litt tid.

Informasjonsskriv finn du HER.

Program og infoskriv kjem her snart...

Ta kontakt med kyrkjekontoret 35 06 10 40 om det er noko du lurar på.

Tilbake