6-årsgjengen


VELKOMMEN TIL 6-ÅRSGJENGEN OG
UTDELING AV 6-ÅRSBOK i BØ KYRKJE  
 
VELKOMMEN TIL 6-ÅRSGJENGEN FREDAG 1. MARS KL 17.30-19.00
OG UTDELING AV 6-ÅRSBOK SØNDAG 3. MARS KL 11.00

Vi innbyr alle som er fødd i 2013 (6åringar) til å vere med på eit gudstenesteførebuande opplegg fredag 1. mars i Bø kyrkje. 
På gudstenesta søndag 3. blir det utdeling av boka «Tre i eit tre» til alle frammøtte 6åringar.
 
Fredagen vil innehalde leik, musikk, bibelforteljing, gudstenesteførebuing og kveldsmat (taco). Det er Grete Sele og Signe Østtveit som vil vere saman med ungane denne dagen. Er det ok for barna, kan dei vere aleine utan føresette.
Frist for påmelding til fredagen: Onsdag 27.februar!  Trykk her!          
 
Det er ingen føresetnad for å få boka på gudstenesta søndag, at de er med på fredagen, men veldig moro om det blir ein god flokk!
 
Gudstenesta på søndagen er ei familiegudsteneste, det er  Fastelavn  og to av barnekora vil delta med song, så det blir mykje barn til stades. Vi håpar det vil bli ei fin stund for både barn og vaksne.
 
Oppgje namn ved eit bord ved inngangsdøra søndagen, så skriv vi det inn i boka di. Alle 6-åringane blir bedt om å komme fram, og så blir namnet lest opp og boka delt ut. Alle blir ståande framme i kyrkja til dei går samla ned når alle har fått boka si!
 

Tilbake