Haustkonfirmasjon i Bø


Frå no av blir det ei ny og fast ordning i Bø sokn med konfirmasjonar på hausten, nærare bestemt fyrste helga i september.

 

Frå no av blir det ei ny og fast ordning i Bø sokn med konfirmasjonar på hausten, nærare bestemt fyrste helga i september. Dette vart grundig drøfta og vedteken på soknerådsmøtet 16.februar, med atterhald om at eit fleirtal av sokna i prostiet vedtok same ordning. Dette vart avklart på prostimøtet fredag 19.februar, der eit stort fleirtal av sokna gjekk inn for haustkonfirmasjon.

Årsaka til denne endringa er mange. Fyrst og fremst meiner vi at det vil vere den beste løysinga for konfirmantane sjølv. Slik det har vore dei siste åra, har konfirmasjonsåret byrja i juni og blitt avslutta med konfirmasjon siste helga i mai. Konfirmantsamlingar, undervisning og opplegg har på eitt vis blitt smurt noko tynt utover eit heilt år. Dermed har det tatt tid å bli kjend med konfirmantane, og det er krevjande å skape tilhøyrsle til kyrkja og trygge grupper for konfirmantane når det går lang tid mellom kvar gong vi møtast.

Frå no vil konfirmasjonsåret byrje i januar med presentasjonsgudsteneste og avsluttast med leir i veke 32, samtalegudsteneste siste helga i august og konfirmasjonar fyrste helga i september. På den måten blir det ei litt kortare og meir intensiv konfirmasjonstid, med betre rammer for å skape trygge rom, engasjerande opplegg og godt fellesskap. Dette trur vi altså fyrst og fremst tener konfirmantane.

Grunnen til at eit stort fleirtal av sokna i prostiet måtte vere samde i vedtaket, har med Ønsket&Elsket å gjere. Ønsket&Elsket er eit felles konfirmasjons- og ungdomsarbeid i Øvre-Telemark prosti. Det er dei som mellom anna arrangerer konfirmasjonsleir på Gjennestad om sommaren, saman med kyrkjelydane, og dei driv eit viktig ungdomsarbeid med leiarkurs og leiarutvikling for ungdommane etter konfirmasjonstida. For at dette framleis skulle vere eit felles prosjekt for kyrkjelydane i prostiet måtte alle sokna følgje same ordning i så stor grad som mogleg. Med vårkonfirmasjon måtte konfirmasjonsleiren ligge i starten av konfirmasjonsåret, og med den nye ordninga kan vi staden avslutte konfirmasjonstida med leir. Dette har mange fordeler. Mellom anna at konfirmantansvarleg kjenner konfirmantane godt når vi drar på leir. Vi avsluttar med det som ofte er høgdepunktet i konfirmasjonstida, i staden for å byrje på topp. Og det vil høgst sannsynleg vere lettare å rekruttere konfirmantane vidare inn i Ønsket&Elsket sitt leiarkurs og som leiarar for nye konfirmantar.

På same tid som vi er trygge på at avgjersla i soknerådet og prostirådet er den beste løysinga for konfirmasjonsopplegget i Bø, har vi stor forståing for at nokre vil vere usamde i- og lei seg for ein slik endring. Det har i fleire år vore vårkonfirmasjon her i Bø, og slike tradisjonar set seg fort. Likevel håpar vi at alle kan sjå dei positive argumenta for endringa, og at det visar seg å bli ein positiv løysing for konfirmantane og familiane deira.

Nokre viktige, faste datoar og tidspunkt:

  • Før haustferien: Informasjonsmøte for nye konfirmantar
  • Ein av dei fyrste søndagane i januar – Presentasjonsgudsteneste for nye konfirmantar
  • Veke 32: konfirmasjonsleir, Ønsket&Elsket, på Gjennestad i Vestfold, måndagfredag
  • Siste helga i august: Samtalegudsteneste og konfirmantfest på søndagen
  • Fyrste helga i september: Konfirmasjonsgudstenester laurdag og søndag

Tilbake