Det er sett opp påskevandringar ved Nes og Bø kyrkje. Ta ein tur ut og følg Jesus og disiplane gjennom påskens hendingar.
Å gå i Jesu fotspor mot krossen, frå stasjon til stasjon, er ein gamal tradisjon under påskehøgtida. Ved Nes kyrkje er det satt opp ei slik krossvandring, Via Dolorosa, med 14 stasjonar på Jesu veg mot Golgata. Ved Bø kyrkje finn de ei håpsvandring, 14 plakatar med bibeltekstar om Jesus si oppstode frå dei døde, Via Lucis - Lysvegen. Kvar plansje har eit bilete i fargar som er laga av Nordfjord-kunstnaren Magne V. Kristiansen, og vandringane rundt på dei fine kyrkjegardane våre kan vere ein fin aktivitet no i påska.