24-hours festival Gullbring kulturanlegg 25.-26.januar 2020


24 Hours Festival er ein omreisande festival for 4.-7.klassingar i regi av Stiftinga Skjærgårdsgospel som arrangerast i samarbeid med lokale kristne kyrkjelydar, forsamlingar og barnearbeid.  25.-26.januar skjer det i Bø!

 

 

24 HOURS FESTIVAL 25.-26.januar
- 1 idrettshall, 1 døgn, 1 Gud, 1 oppleving for livet

- 24 timar med aktivitetar, musikk, vener, kreativ forkynning, hoppeslott, konkurransar, soving, kino...

24 Hours Festival er ein omreisande festival i regi av Stiftinga Skjærgårdsgospel som arrangerast i samarbeid med lokale kristne kyrkjelydar, forsamlingar og barnearbeid.

24 Hours Festival gir barn frå 4. - 7. klasse aktivitetar, leiker, fellesskap og kreativ forkynning i rammen av ein 24 timers festival i sitt nærmiljø. Dei ynskjer å gi ungane ein spanande, engasjerande og utfordrande festivaloppleving der dei møter fellesskap, Jesus og aktivitetane dei kun har drøymt om, i store, men trygge omgjevnadar.

For dei som har lyst til å legge seg litt tidlegare og droppe nattkino, blir det satt av eit eige stille rom i nærleiken av tribunene. Der kan ein leggje seg for å sove etter kveldsmaten.

Prisen for arrangementet er 500 kroner. Det er 50 kroner i søskenmoderasjon for søsken nummer to og eventuelt nummer tre. Melder du deg på etter 21.januar må du betale med Vipps ved ankomst på lørdagen. 

Påmeldingen er nå stengt.

Informasjonsskriv med program finn du HER.

Sjekk gjerne promofilm og nettsidene til 24 Hours Festival

Ta kontakt med kyrkjekontoret 35 06 10 40 om det er noko du lurar på.

Tilbake