Gravferd - avskjed med eit liv
Døden er ein sikker utgang på dette livet. Det er også ein stor overgang, og ofte ei krevjande tid for dei som blir igjen. Kyrkja ynskjer å hjelpe dei som sørger gjennom denne tida.
For mange av dei nærmaste blir gravferda avslutninga på nokre veldig uvanlege dager. Om døden inntraff plutseleg eller om den var venta, er døden som eit vannskille. Dagane etterpå blir ofte fylt med sorg, savn og mange praktiske gjeremål. Tida rundt ei gravferd betyr mykje for at dei etterlatne skal kunne ta avskjed med den døde. Forhåpentlegvis kan presten bidra til dette. Han eller ho vil som regel ha eit personlig møte med de nærmeste, der ein snakkar om det som har vore og om gravferda.
Gravferd i Midt-Telemark
Kva skjer fyrst?
Dersom eit dødsfall skjer på institusjon, vil betjeningen der hjelpe med å melde ifrå til riktige instansar (lege, politi og gravferdsbyrå). Dersom dødsfallet skjer i samband med ei ulykke, vil politi og hjelpemannskap sine rutiner bli følgd. Skjer dødsfallet i heimen eller i anna privat samanheng, skal ein tilkalle lege. Legen skriv ut dødsattest, der blir stadfesta at vedkommende faktisk er død og kva som er dødsårsaken.
Kven gjer kva?
Det er nærmeste pårørande som tar ansvar for det som så skjer. Noe av det fyrste som må avklares, er derfor kven som skal vere ”ansvarleg for gravferda”. Vedkomande tar avgjerelsane i spørsmål som har med sjølve gravferdsseremonien å gjere og kor avdøde skal gravleggast.
Gravferdslova føreskriv i kva for rekkefølge nærmeste familie kan ta ansvar for den som er død og tilrettelegge for seremoni og gravlegging. Dette er: ektefelle, barn (ikkje nødvendigvis i aldersrekkefølge), foreldre, barnebarn, besteforeldre, søsken, søskens barn og foreldres søsken. Den ansvarlege må vere over 18 år. Ved usemje, vil kommunen (ved rådmannen) ta den endelege avgjersla, Dersom det skulle skje at ingen kan ta ansvar for gravferda (eksempelvis at det ikke finst nære gjenlevande familiemedlemmer), må kommunen sørge for gravferda. Kommunen kan da kreve utgiftene dekt av dødsbuet.
Tidspunkt for gravferdsseremonien
Gravferd skal etter gravferdslova foregå innan ti virkedager etter dødsfallet. Dette skjer på bakgrunn av den kontakt gravferdsbyrået har med de pårørende. Dersom avdøde blir kremert, skal gravlegging (urnenedsettelse) skje innen seks måneder etter dødsfallet.
Kvar kan gravferdsseremonien foregå?
Det normale i tidligare tider var at gravferder gjekk føre seg frå heimen, noko som fortsatt er både lovleg og mogleg. Seremonien kunne og kan også foregå ute på kyrkjegarden, dersom pårørende ønsker det. Det vanlegaste i våre dager er likevel å gjennomføre seremonien frå eit offentleg lokale, tilrettelagt for anledningen. Eit alternativ for dei som ikkje ønsker kyrkjeleg seremoni, er å bruke eit av gravkapella. Alle dei tre kyrkjegardane i Midt-Telemark har eit eige kapell like ved. Gravkapella står til rådighet også for andre trus- og livssynssamfunn enn Den norske kyrkja.
Valg og feste av grav
Eit av dei fyrste spørsmåla som må avklarast, er kor i kommunen den avdøde skal gravleggast. Normalt skjer dette på den kyrkjegarden som ligg nærmast der vedkomande budde. Ein kan ta i bruk ei ny grav, eller ein kan nytte ei grav som er festa frå før. Dersom det velgast ny grav, er denne fri for festeavgift de 20 første åra. Dersom det reserveres ei grav i tilknytning til denne grava, må ein betale festeavgift fra første dag.
Det er den som er formell festar av ei grav som avgjer om ei grav kan nyttast eller ikkje. Er det avdøde sjølv som var festar av den aktuelle grava, er saka normalt avklart. Var avdøde festar av fleire graver, og det er ønske om å nytte ei av desse, er det den som er ansvarleg for gravferda som tar avgjersla.
Besøk av prest eller annen ansvarlig for seremonien
Etter at kyrkjekontoret har fått melding om dødsfallet, samt anmodning om kyrkjeleg medverknad, vil nærmast pårørande bli kontakt av ein lokal prest. Dersom pårørande ønsker medverknad frå eit anna kristent trus- eller livssynssamfunn, vil den som skal forrette ta kontakt med pårørende. Dersom pårørende ønsker seremoni i regi av eit ikkje-kristent trussamfunn, kan ikkje seremonien foregå i kyrkja. Alternative lokale vil da vere kapella, eller andre forsamlingslokaler i kommunen.
Grava- etter seremonien
Når ei gravferd er over, blir grava fylt igjen av kyrkjegardsbetjeningen, og kranser og blomar lagt oppå grava. Kyrkjegardsbetjeningen fjernar desse etter ei vekes tid. Grava blir markert med eit midlertidig kors med navnet til avdøde.
Kremasjon og urnenedsettelse
Der det velgast kremasjon, avsluttast gravferdsseremonien i seremonilokalet; og kista fraktes til krematoriet der avdøde blir kremert. Etter en tid blir urnen med asken etter avdøde brakt tilbake til kyrkja og oppbevares der. Den ansvarlege for gravferda blir kontakta for avtale om tidspunkt for nedsettelse av urna.
Kven skal vere fester av grava?
Det skal alltid vere ein festar av grava, og festeren må vere ein person (altså ikke ein institusjon eller ein familie i fellesskap). Festeren er ein juridisk person som fellsrådet/gravplassmyndigheten forheld seg til når det gjeld bruk av grava og vedlikehald. Når det er behov for ny festar av ei grav, er det dei pårørande som seg i mellom avklarer kven som skal vere festar. Ved uenighet innen familien om kven som skal vere festar, tar kommunen (ved rådmannen) endeleg avgjerd.
Kva er festeavgifta, og kor lenge kan ein feste ei grav?
Festeavgifta er fastsatt av kommunestyret etter forslag fra fellesrådet. Festeavgifta er kr 300,- pr år for ei enkeltgrav. Når ein reserverer ei grav ved sida av ei ny grav, er festetida 20 år. Ei grav kan festast i til saman 60 år, men kan etter søknad forlengast
Gravminnet
Gravminne bestillast hos eit steinhoggerfirma, som normalt sørger for utforming og montering. Det er også høve til å nytte naturstein som gravminne, eller gravminne av eit anna materiale enn stein. Eit nytt gravminne må alltid godkjennast av kyrkjeleg fellesråd før det kan monterast på kyrkjegarden.
Det må gå minst 2 månader etter gravlegging før eit gravminne kan monterast. På urnegraver kan gravminne settast opp umiddelbart etter gravlegging.
Vedlikehald av grava
Den som er fester av ei grav, har rett og plikt til å stelle grava. Plantefelt som ikkje blir tilplanta eller stelt, såast til med gras. Så lenge festar tillet det, kan kven som helst stell ei grav. Det er også ordningar der fellesrådet utfører gravstell mot ei årleg avgift.
Registrering
Kyrkjeleg fellesråd fører register over alle som blir gravlagt på kyrkjegardane i Midt-Telemark. Det førast også register over festerar av graver i kommunen. I tillegg fører kyrkjekontoret register over alle seremoniar i regi av Den norske kyrkja. Antal gravlegginger og seremonier blir årleg meldt til sentrale myndigheter og Statistisk sentralbyrå (SSB), til bruk i offentlige statistikker.
Kostnader
Som nevnt kan ein familie velge å ta det hele og fulle ansvaret for den avdøde sjølv, uten gravferdsbyrå involvert. Dette inneber å stelle den døde, skaffe kiste, klargjere for gravlegging, ta kontakt med kyrkjekontoret og følge opp alle formaliteter i forhold til andre myndigheter. For personar som var busett i kommunen då dei døde og som var medlem av den Norske kyrkja, krevjast ingen avgift. Der det hentas inn bistand fra gravferdsbyrå, betalast det for desse tenestene etter dei takstar gravferdsbyråa opererer med.
Den kyrkjelege seremonien, samt arbeidet på kyrkjegarden, betalas det ikkje for, såfremt avdøde hadde bustad i eller tidligere tilknytning til kommunen. Eventuelle solistar som engasjerast eksternt, honorerast direkte.
Kostnader til kremasjon og/eller askespredning må betalast av pårørende; mens urnenedsettelsene etter kremasjon er gratis for dei som hadde bosted i kommunen.
Betaling for gravminne skjer til det steinhoggerfirma en velger å engasjere.
Fleire avklaringar
Dersom det er behov for det, kan kyrkjekontoret kontaktast for å avklare andre forhold knytta til dødsfall og gravferd i Midt-Telemark kommune enn det som er tatt opp i denne informasjonen.
Denne informasjonen er utarbeida på bakgrunn av Gravplassloven av 2023, forskriftene til denne loven, Vedtekter for gravplassane i Midt-Telemark og dei lokale rutinene på kyrkjegardane. Utfyllende opplysninger får du ved å kontakte Telemark kyrkjelege fellesråd (35 06 10 40 )
epost: post@mtkyrkje.no
Meir info om gravferd i Den norske kyrkja finn du her
Gravplassloven
Kommande gravferdsseremoniar kan du finne her.