Vi samlast og ber kvar tysdag kl.14.
"Bøn for bygda" er kvar tysdag kl.14-15.15 i Tomaskapellet som ligg ved sida av Bø kyrkje. Vi følgjer her ein fast liturgi med bøner for bygda og det som skjer i kyrkjelyden. Samstundes kan kvar einskild be for det ein har på hjarta. Samlinga er open for alle.
Forbøn og salving av sjuke .
Bø kyrkjelyd ynskjer å tilby forbøn og salving av sjuke slik det står i Jakobs brev kap 5,14-15.
"Er nokon av dykk sjuk, skal han kalla til seg dei eldste i forsamlinga, og dei skal be over han og salva han med olje i Herrens namn. Og bøna som er boren fram i tru, skal berga den sjuke, og Herren skal reisa han opp. Og har han gjort synder, skal han få dei tilgjevne."
Ynskjer du forbønn og salving for sjukdom eller for noka anna, så kan du kontakte sokneprest Axel Bugge 454 77 020 eller Anne-Lene Refsum 413 05 480. Du kan og møte opp på " Bøn for Bygda" på tyrsdager kl. 14.00 eller til eigen samtale og forbøn kl. 15.15! Velkommen!
Ynskjer du meir informasjon, kontakt Anne-Lene Refsum på tlf 41305480.
