Per Inge Bergem Håland er tilsett som kapellan i Bø, Sauherad og Nes sokn.
Agder og Telemark bispedømme har tilsett Per Inge Bergem Håland som ny kapellan, og kyrkjelydane er glade for at det kjem ny prest i midten av august. Per Inge er 41 år og bur i Skien. Han har to søner, ein på 16 år og ein på 14 år, som bur hjå han annakvar veke.
Han har jobba som lærar i Skien i 14 år. Det siste halvanna året har han jobba som prestevikar i Gulset og Skotfoss kyrkjelyd. Parallelt med prestejobben er han student ved MF, på den nyoppretta erfaringsbaserte master i teologi. Prest under utdanning betyr at Per Inge vil fullføre teologistudiet samtidige som han jobbar 60 % som kapellan.
Per Inge er, ifølge seg sjølv, utadvendt, stadig i godt humør og alltid interessert i å lære noko nytt. Han har en bachelorgrad i musikk, menighet og ledelse fra Staffeldtsgate, og i tillegg til musikkinteressa, spelar han også ishockey på så lågt nivå som mogeleg.
Han gler seg veldig til å starte i den nye jobben, og ser fram til å bli kjent med folka, stadene, kyrkjelydane og staben.
Per Inge Bergem Håland blir innsett som ny prest i Bø kyrkje sundag 10. september kl.18.00 av prost Asgeir Sele. Vi ynskjer Per Inge varmt velkommen!!