Bø sokn > Artikler > Artikkeldetaljer


Kyrkjevalet 2019


Informasjon om kyrkjevalet 9.september 2019 og førehandsstemming frå 12.august.

Måndag 9.september 2019 er det kyrkjeval. Du kan stemme over kven som skal vere med i Bø sokneråd og kven som skal vere med i Agder og Telemark bispedømmeråd. Kyrkjevalet skjer samtidig med kommune- og fylkestingsval. Vallokale er for begge er lagt til Gullbring Kulturanlegg i Oppåstugu, og er ope mellom klokka 09.00 og 20.00. Du kan også stemme ved kyrkjevalet etter gudstenesta søndag 8.september i Bø kyrkje. Vi håpar at du vil prioritere å gi di stemme ved kyrkjevalet.

Dersom du ynskjer å levere inn førehandsstemme kan du komme innom kyrkjekontoret frå 10.august til 6.september i opningstida kvar dag mellom klokka 09.00 og 12.00.

Nominasjonskomitèen for Bø sokneråd har laga ferdig si liste. Ein pdf av lista kan du laste ned HER.
Lista ser slik ut:
1. Ulf Bruno Vege (1949)
2.Anne-Lene Bjørum Refsum (1961)
3.Bjørnar Nesje (1971)
4.Ruth Hogstad-Erikstein (1979)
5.Nils Ivar Agøy (1959)
6.Turid Nærdal Haatveit (1954)
7.Geir Sønstebø (1951)
8. Randi Hegna Prestbakken (1972)
9.Yngve Stokstad (1948)
10.Bente Klokkehaug (1958)
11.Jan Nikolai Boye (1950)
12.Anna Katrina Persdotter Miland Thomsen (1979)
13.Ruth Olaug Tellnes (1979)

For meir informasjon om kyrkjevalet kan du ta kontakt med kyrkjekontoret eller sjå HER.

Foto: Kirkerådet

Tilbake