Bø sokn > Artikler > Artikkeldetaljer


Nytt kyrkjelydsblad i Bø


Bø kyrkjelyd gjev ut eit nytt kyrkjeblad i september. I bladet kan du lese om kva som skjer i kyrkja og kyrkjelyden.

Det er mange år sidan det har vore eit kyrkjeblad i Bø sokn, og kyrkjelyden gjev nå ut eit nytt kyrkjeblad. Bladet kjem fyrste gong ut i september. Her vil vi blant anna vise bilete av konfirmantar og dei som er døypte. Og det vil bli eit intervju med sokneprest Axel Bugge.
Eit kyrkjeblad kan vere ein god "møteplass" der tru, tvil og von kjem til uttrykk. Vi vonar at eit kyrkjeblad kan engasjere både unge og eldre og skape tilhørighet til kyrkjelyden. Har du tankar og meiningar om kyrkjebladet, så høyrer vi gjerne frå deg.
Vi treng og folk som kan vere med å dele ut bladet i postkassene 4 gonger i året. Ta kontakt med kyrkjelyden og bli med i ein felles dugnad!

 

Du kan lese bladet HER

Tilbake