Konfirmasjon
Konfirmasjon 2023
I Bø sokn er det konfirmasjon
på hausten, nærare bestemt fyrste helga i september, laurdag 2.- og søndag 3.september.
Konfirmasjonsåret byrjar i
januar med presentasjonsgudsteneste søndag 15.januar og inneheld leir i veke 26,
samtalegudsteneste siste helga i august og konfirmasjonar fyrste helga i
september. På den måten blir det ei litt kortare og meir intensiv
konfirmasjonstid, med betre rammer for å skape trygge rom, engasjerande opplegg
og godt fellesskap. Dette trur vi altså fyrst og fremst tener konfirmantane.
Leir
Høgdepunktet for mange konfirmantar er konfirmasjonsleiren i slutten av juni på
Gjennestad i Stokke som er et samarbeid med Ønsket&Elsket og Kyrkjelydene .
Det er Ønsket&Elsket som arrangerer konfirmasjonsleir saman med
kyrkjelydane i Øvre Telemark prosti, og dei driv eit viktig ungdomsarbeid med
leiarkurs og leiarutvikling for ungdommane etter konfirmasjonstida. Det er
eigen påmelding til leiren på nettsida til Ønsket&Elsket.
Konfirmant i kyrkja
Å vere konfirmant i Den norske
kyrkja handlar om å vekse og modnast som menneske, i tru og liv. Gjennom
konfirmasjonsåret vil du lære om den kristne trua, og du får moglegheit til å
tenkje over kva du trur på og kva for førebilete du ønskjer å leve etter. I
kyrkja er det rom for heile deg – di tru og din tvil, tankar og erfaringar.
Innhald
Konfirmantåret i Bø kyrkjelyd
inneheld mellom anna samlingar i Bø kyrkje og Bø bedehus med undervisning og
samtale etter skuletid. Det blir tur til Jønnbu, innsamlingsaksjon til Kirkens
nødhjelp, gudstenester, fotball og kanonball turnering og konfirmantleir. Til
saman utgjer det ca. 60 timar som er fordelt på eit halvår med ca. 2 -3 samlingar
kvar månad. Program med datoar blir sendt ut i haust.
Pilegrimsvandring
Ikkje
alle har anledning til å reise på leir og vi tilbyr eit eige opplegg for dei
som ikkje skal på leir som er å vere pilegrim nokre laurdagar i mai og juni. Her
skal du vere meg å gå til fots eit stykke til ei kyrkje.
Sett-ungdom
Under
konfirmasjonstida får du høve til å vere med på Sett-ungdom som er kyrkjas
ungdomsarbeid med samling ca. ein gong i månaden på laurdagar. Samlingane er frivillige og blir godkjent som ein gudsteneste.
Forventingar
Vi trur at du som konfirmant i
Bø kyrkje vil få oppleve eit spennande år med mykje moro, godt fellesskap og
nyttig læring for livet og trua.
Samstundes forventar vi at når
du har meldt deg på konfirmasjon, er du med på heile opplegget og ikkje vel
bort noko fordi du ikkje har lyst eller du meiner du ikkje har tid. Vi
forventar at foreldre/forsette alltid melder frå til presten når og kvifor ein
konfirmant utelblir frå samlingar.
Helse
Alle konfirmanter
har krav på konfirmantundervisning uansett helse. Nokre
ungdommar slit i dag med sosial tilpassing, fysiske og psykiske utfordringar. Det
er viktig at vi som prestar for vite om det på førehand og hjelper konfirmantane
så dei kan kjenne seg trygge og ivaretatt. Be gjerne om ei samtale på førehand. Prestene har taushetsplikt.
Dåp
Ein må vere døypt for å bli konfirmert. Er du ikkje
døypt, så er du velkommen til å bli døypt i god tid før konfirmasjonsgudstenesten.
Vi lagar ei fin ramme rundt dåpen saman med familien og dei som du har valt som
fadrar.
Kostnader
Konfirmasjonsleiren
kostar 2.700 kroner, det blir servert frokost, lunsj, middag, kveldsmat.
Eigenandel konfirmant er 700 kroner.
Totalt 3.400 kroner.
Alle
foreldre/foresatte kan søke om økonomisk støtte for heile leiren. Henvendelse
skjer til prest eller kyrkjekontor.
Ansvarleg
Hovudansvarleg
for konfirmantarbeidet er inntil videre sokneprest Axel Jørgen Bugge. Men vi
håper at vikarprest Levi Korsveien blir fast tilsett og blir hovudleiar for
konfirmantarbeidet. Du vil møte
begge prestane og du vil møte andre kyrkjelege medarbeidarar i løpet av konfirmanttida.
Velkommen som
konfirmant 2023, vi gler oss til å bli kjent med deg!
Viktig
informasjon og nokre datoar
·
Påmelding
til konfirmant 2023 er open på bo.kyrkje.no fram
til 1.november 2022.
·
Informasjonsmøte
Tysdag 4.oktober kl. 19.00 i Bø kyrkje : Foreldre/forsette og konfirmantar
·
Kick-off i
Seljord i slutten av oktober. Open for alle 08’. Aktivitetar og skum-party. Påmelding på «Ønsket&Elsket» si nettside:
ovretelemark.no/Ønsket-og-elsket
·
Søndag 15.
januar blir det presentasjonsgudsteneste for nye konfirmantar – sjølve
oppstarten på konfirmasjonstida.
·
Laurdag
28. januar konfirmantsamling på Jønnbu fjellkyrkje
·
Veke 26, 2023
Konfirmasjonsleir, Ønsket&Elsket, på Gjennestad i Vestfold, måndag-fredag, 26.juni-30.juni.
Påmelding på «Ønsket&Elsket» si nettside.
·
Søndag
27.august 2023: Samtalegudsteneste og konfirmantfest på Bø bedehus
Laurdag 3. og søndag 4. september: Konfirmasjonsgudstenester
DU MELDER DEG PÅ HER