Kyrkjene


Bø gamle kyrkje høyrer til ei rekkje steinkyrkjer i romansk rundbogestil her i landet frå tidleg mellomalder. Vi finn fleire av dei også her i Telemark. Av desse er Seljord, Kviteseid og Bø kyrkjer mest like og difor truleg bygd av dei same bygningsfolka.

Kyrkja i Bø er bygd rundt 1180, og ho er vigsla til St. Olav. Den halvrunde apsis i koret er bygd til noko seinare.

 Det ein har att av inventar frå mellomalderen er krusifikset over korbogen, ei smijarns ljosekrone og eit antemensale av tre med fleire biletfelt (med kroninga av Maria i det store midtfeltet). Nisjene med bogekvelv på begge sider av kordøra er der òg, sjølv om dei ikkje har nokon funksjon lenger som side-altar.

 Etter reformasjonen vart den eine inngangsdøra på sørveggen, i katolsk tid sikkert prosesjonsdør, delvis mura att til eit mindre vindauge. Den enkle og vakre inngangsportalen kan ein likevel sjå ute. To av vindauga er og utvida ein god del for å skaffe meir ljos - slik den nye lutherske gudstenesteforma med Ordet i sentrum måtte krevje. Samstundes har kyrkja etter kvart fått det interiøret ho har nå. Dei eldste av benkene har inskripsjon frå 1579. Oppe i koret på begge sidene av altaret er det nokre interessante panelbilete frå ca. 1650. Det er biletgåter som skal illustrere eit bibelord eller eit ordtak. Preikestolen med portal, vestgalleriet og altartavla er òg frå 1650-åra, og måling av alt dette vart gjort i 1685-87 - i rike og djupe fargar som står godt til dei kvite murane.

 Altartavla har fleire biletfelt med Kristus på krossen i sentrum og øvst i trekanten Guds auge med Guds namn Jahve i hebraiske bokstavar. Preikestolen og portalen til denne har inskripsjonar med bibelord, og på portalen ser vi dessutan Kristus som verdsherskaren - med jordkloden i handa. Galleriet har 9 bibelfelt som syner dei store hendingane i bibelsoga frå skapinga til domedag. Domkyrkjearkitekt Wilhelm Swensen gjev denne karakteristikken av Bø gamle kyrkje i ein artikkel: "Den eier noe eget som hevder den mot domens overdådige prakt av stenblomster og skulpturer av tårn og tind - den har markblomstens renhet og ynde, den eier det hellige enfold, som kanskje er det vanskeligst oppnåelige i kunsten".

Finn Bø Gamle kyrkje i kyrkjesøkdatabasen


 Bø nye kyrkje er bygd som langkyrkje i nygotisk stil. Det er ikkje kjent kven som har teikna kyrkja, men truleg er det same person som står bak kyrkja både i Lunde og i Bø. Desse kyrkjene er så like, at det er grunn til å tru at dei same teikningane er lagde til grunn. 

 Vedtaket om å byggje nykyrkja blei fatta i 1869. Ho skulle ha 700 sitjeplassar, og såleis vart det ikkje behov for noko kapell. Gratis teikningar og fri grunn både til bygning, kyrkjegard og ny veg vart gjevne. Ein privat entreprenør starta arbeidet, men det vart snart overteke av kommunen. Kyrkja vart vigsla av prost Bent Wettergren i Solum i biskopen sitt fråvær den 3. juni 1875. 

 Kyrkja var sparsomt utstyrt til å begynne med. Først i 1882 stod det ferdig eit nytt orgel med 8 stemmer. Ein hadde ikkje råd til å tilsetje organist, og første organist vart ikkje tilsett før i 1888. 

 Bygdefolk og organisasjonar har gjeve mange gåver. På denne måten har dei vist at dei er interessert og glad i kyrkja si. Salmetavle, ljosestakar og ljosekrone, altarduk, klede på preikestolen, den vakre grøne messehagelen: alt er gåver. Bondekvinnelaget har gjeve dei to vakre brurestolane. 

 Kyrkja fekk ny altartavle etter siste verdskrigen, etter at det vart gjeve økonomisk stønad til oppussing og utsmykking. Den rike treskurden på altartavle, preikestol, klokkarstol og galleri vart for det meste utført av kunstnaren Halvor Slettemeås. Dei tre bileta i den nye altartavla er måla av Victor Sparre. 

 I 1965 finansierte så Bø kommune nytt orgel til kyrkja. Det er eit fint instrument, bygd av Jørgensens orgelfabrikk i Oslo. Det har to manual og pedal og 18 stemmer. 

 I samband med 100-års jubileet i 1975 vart kyrkja pussa opp utvendig og innvendig, noko som vart mogleg takke vere generøse løyvingar frå Bø kommune. Men også nå vart det gjeve mange private gåver til kyrkja, m.a. golv-løparane og høgtalaranlegget med teleslynge. Ny altarduk vart gjeve til sjølve jubileumsdagen. 

 I dei siste åra har det vorte naudsynt med ei utviding av kyrkjegarden, og ein har kome godt i gang med arbeidet med ny handikapinngang. Utviding og mursetting av kyrkjegarden er vorte mogleg gjennom kommunale løyvingar, og til handikapinngang har kommunen og private løyvt midlar. 

Finn Bø kyrkje i kyrkjesøkdatabasen