SingLett


Born frå 1.- 3. Klasse
songrepertoar av ulike genre
songleikar
deltek på familiegudstenester og konsertar.
Bø bedehus er ope for singlett


Korøvinga varar frå 15 -16: sjå informasjon om opplegget "kor etter skuletid"



VELKOMMEN TIl SINGLETT

Informasjon om opplegget «kor-etter-skuletid»:

SingLett er Bø kyrkjelyd sitt kor for dei  som går i 1., 2. og 3. klasse. Vi har mykje moro saman, både musikalsk og sosialt! Det kostar kr 500,- pr semester å vere medlem i Korskulen. Dere finn påmeldingsskjema på www.korskulen.no

SingLett har øvingar kvar torsdag klokka 15.00-16.00 frå slutten av august og fram til midten av mai, med unnatak av skulen sine ferie-/fridagar. Siste ordinære øving føre jul er torsdag 8. desember.

Nokre vaksne frå Korskulen sørger for at barna får følgje frå skulen klokka 14.00; «Gåbuss» frå Bø skule – minibuss frå Folkestad skule. 

Øvingane er på Bø bedehus og Barna må bli henta på bedehuset seinast klokka 16.30. 

I tillegg til øvingane, deltar SingLett på nokre familiegudstenestar i Bø kyrkje, og ein til to konsertar i året. Det er viktig både for barna si oppleving og gleda av å synge i kor, og for dei andre songarane i koret, at de som føresette prioriterar å stille opp på når koret opptrer!

Dersom det er nokre av borna som har spesielle behov er det fint om de tek kontakt slik at vi kan løyse det på best mogleg måte saman med dere som er føresette.

Første øving i haust: Torsdag 25. august.

Leiarar i SingLett er Grete Hasselgård Sele (musikkpedagog og korleiar), Mona Skruverud (korleiar) Rolf Axelsen Lie (organist/pianist og korleiar) og Esther Hynne. Du må gjerne stikke innom  «Korskulen i Bø» på facebook for å sjå meir av kva me driv med! 

Viktig!: SingLett er ikkje kobla til skulen sin SFO, og all kommunikasjon må gå direkte til ein av korleiarane!

Har du spørsmål, kan du kontakte 

Rolf, tlf: 951 83 114 eller Grete, tlf: 915 56 348


Referat fra foreldremøte for nye i SingLett høsten 2022:

 

SingLett er Korskulen sin «klasse» for dei som går i 1.-3. klasse. Til saman har korskulen 6 ulike kor- og musikkgrupper for barn i alle aldrar, og i tillegg kyrkjekoret for studentar og vaksne. De kan lese meir om dei ulike gruppene på korskulen.no

 

Øvingane til SingLett er på Bø bedehus kvar torsdag fram til Luciadagen på hausten, og fram til 17. mai om våren.

 

Øvinga er frå klokka 15.00-16.00, og vi vil gjerne at barna ikkje blir henta før klokka 16.00. Barna kan vere på bedehuset fram til klokka 16.30.

 

Vi forventar at de stiller opp når koret skal syngje på konsertar, gudstenester og anna. Om de av ulike grunnar ikkje har anledning til å stille opp, må korleiarane få melding om dette snarast mogleg.

Henting på skulen:

 

Dei barna som går på Folkestad skule blir henta av kyrkja sin Minibuss klokka 14.00 utanfor porten ved SFO.

 

Dersom det er behov, forsøker vi også å få til ein bil som henter ved Gvarv skule.

 

Dei barna som går på Bø skule, går frå skulen til bedehuset saman med Grete og ein annan vaksen klokka 14.00.

 

Dette er litt av ein kabal som også utløser hjelp frå frivillige medarbeidarar, og det er viktig at vi får melding dersom nokon ikkje skal vere med som avtalt. (Ved sjukdom o.l.) Melding må direkte til Grete eller Rolf, og ikkje til SFO.

 

 

Kontingent:

Det kostar kr 500,- pr semester å vere

deltakar i Korskulen. Søsken nr 2 og 3 osv får kr 200 i rabatt.

 

Dersom nokon av ulike årsakar har problem med å betale kontingenten, kan de snakke med ein av korleiarane om å søke støtte frå Midt-Telemark kommune si kontingentkasse. Kvart barn kan søke om inntil 3000,- kr pr år, og søknaden går via den aktuelle aktivieten. Ganske enkelt og greit, og eit flott tiltak frå kommunen!