Bø sokn > kyrkjelydsarbeid > Korskulen

Vil du bla i korskulebrosjyra vår? Klikk på bildet under.

                                                                           

Korskulen i Bø kyrkjelyd

Korskulen i Bø har fylgjande tilbod:

Babysong: Foreldre med born 0-1 år
Musikkleik: Forledre med born 1 og 2 år
Minikoret: Born frå 3-5 år
SingLett: Born frå 1.-3. klasse
Seltin: Born frå 4.-7. klasse
Ragazze: Jentekor 8. klasse og oppetter (startar opp dersom nok interesse)

 Orgelklubben: Individuel orgelundervisning fra 8 år
Kyrkjekoret: Kor for vaksne i alle aldrar

 

Korskulen er drifta av Bø sokneråd, og blir drive som ein profesjonell korskule for born, ungdom og vaksne. For å sikre eit godt pedagogisk og musikalsk nivå er det naudsynt med ein effektiv organisasjon, og båe kyrkjemusikarane dreg lasset saman. (Jfr. Kyrkjemusikalsk plan, Bø sokneråd) Kyrkjemusikarane er dei kunstneriske og musikalske leiarane for alle korgruppene tilknytta korskulen.  Grete Hasselgård Sele (korpedagog) har lang erfaring frå korarbeid, og frå pedagogisk arbeid med barn. Korerfaringa strekk seg frå barnekor og gospelkor, via studentkor til klassisk kyrkjekor.

Korskulen er ein av grunnpilarane i kyrkjelyden, og er i tillegg til det musikalske også ein viktig del av kyrkja si trusopplæring. Gjennom songen får både vaksne og unge korsongarar eit nært og personleg forhold til kyrkja og gudstenesta, og er med på å gje kyrkjelyden eit variert uttrykk og inntrykk av trua og truslivet. Korskulen i Bø har som føremål å samle både barn, ungdom og vaksne i eit sangfellesskap der den kristne bodskapen er synleg. På denne måten er korskulen i Bø både kyrkjelydsarbeid, trusopplæring og kunstnerisk arbeid på ein gong.

Hausten 1997 blei Minikoret og SingLett starta opp som ein del av arbeidet til organisten i Bø kyrkjelyd. Frå før av fanst det eit godt etablert kyrkjekor for dei vaksne songarane. Korarbeidet er i stadig utvikling, og nye grupper med ulike behov har vokse fram. Orgelklubben starta opp i januar 2020, og har plass til 6 elever.

Ung Kirkesang er ein landsdekkande organisasjon med meir enn 8000 medlemmer. Korskulen i Bø er medlem av Ung Kirkesang. Med alle våre aktive songarar, har Korskulen i Bø utmerka seg i den nasjonale organisajonen. Korleiar Grete er og aktiv med ulike verv i Ung Kirkesang - www.sang.no

.