Vil du blad i korskulebrosjyra vår? Klikk på bildet under.

Korskulen i Bø kyrkjelyd

Korskulen i Bø fylgjande tilbod:

Babysong: Foreldre med born 0-1 år
Musikkleik: Forledre med born 1 og 2 år
Minikoret: Born frå 3-5 år
SingLett: Born frå 1.-3. klasse
Seltin: Born frå 4.-7. klasse
Ragazze: Jentekor 8. klasse og oppetter (startar opp dersom nok interesse)

 Orgelklubben: Individuel orgelundervisning fra 8 år
Kyrkjekoret: Kor for vaksne i alle aldrar

 

Korskulen er drifta av Bø sokneråd, og blir drive som ein profesjonell korskule for born, ungdom og vaksne. For å sikre eit godt pedagogisk og musikalsk nivå er det naudsynt med ein effektiv organisasjon, og båe kyrkjemusikarane dreg lasset saman. (Jfr. Kyrkjemusikalsk plan, Bø sokneråd) Kyrkjemusikarane er dei kunstneriske og musikalske leiarane for alle korgruppene tilknytta korskulen. Julian Edwards Isaacs, orgelpedagog, er lærar i Orgelklubben. Grete Hasselgård Sele (musikkpedagog) og Rolf Axelsen Lie (organist) har begge utdanning i og lang erfaring frå korarbeid, og frå pedagogisk arbeid med barn. Korerfaringa strekk seg frå barnekor og gospelkor, via studentkor til klassisk kyrkjekor.

Korskulen er ein av grunnpilarane i kyrkjelyden, og er i tillegg til det musikalske også ein viktig del av kyrkja si trusopplæring. Gjennom songen får både vaksne og unge korsongarar eit nært og personleg forhold til kyrkja og gudstenesta, og er med på å gje kyrkjelyden eit variert uttrykk og inntrykk av trua og truslivet. Korskulen i Bø har som føremål å samle både barn, ungdom og vaksne i eit sangfellesskap der den kristne bodskapen er synleg. På denne måten er korskulen i Bø både kyrkjelydsarbeid, trusopplæring og kunstnerisk arbeid på ein gong.

Hausten 1997 blei Minikoret og SingLett starta opp som ein del av arbeidet til organisten i Bø kyrkjelyd. Frå før av fanst det eit godt etablert kyrkjekor for dei vaksne songarane. Korarbeidet er i stadig utvikling,  og nye grupper med ulike behov har vokse fram, seinast no med orgelklubben som starta opp i januar 2020.

Ung Kirkesang er ein landsdekkande organisasjon med meir enn 8000 medlemmer. Barnekora i Bø er medlem av Ung Kirkesang. Med alle våre aktive songarar, har Barnekora i Bø utemerka seg i den nasjonale organisajonen. Korleiarane våre, Rolf og Grete, er og aktive i Ung Kirkesang - www.sang.no

.

 
 
Korskulen har ei travel og innhaldsrik førjulstid framføre seg, og her kjem alt Minikoret treng å vite:! 
Måndag 14. og måndag 21. november øver vi i kyrkja, slik at barna blir godt kjende med det store kyrkjerommet før det kjem masse folk og dei skal stå framme og synge. 
Søndag 27. november er fyrste søndag i advent, og vi syng på gudstenesta i Bø kyrkje kl 1100. 
Frammøte kl 1030. Ha på kvit genser eller skjorte. 
Mandag 5. desember: siste øving før jul. Foreldra kan vere med på øvinga! 
Julaftan syng vi som vanleg(!) - alle barnekora - på gudstenesta som startar kl 1430. Møt i god tid, men det blir ingen øving! Antrekl : julefin! 
 
Første øving etter jul: Mandag 9. januar, 
Helsing Anne, Marie og Grete (91556348)

 -  SINGLETT og SELTIN

Korskulen har som vanleg ei travel og innhaldsrik førjulstid framføre seg, og her kjem alt de treng å vite:! 

Lørdag 26. november syng vi julehandelen inn på Bø-senteret klokka 12.00. Vi møtast utanfor Meny eit kvarter før! Etterpå drar vi raskt vidare til Sønstebø­tunet, og syng jula inn der klokka 13. Hit kjem sjølvaste nissen også! 
Begge desse arrangementa er betalte oppdrag for koret, så det er viktig at vi leverer så bra som vi berre kan! 

Søndag 27. november er fyrste søndag i advent, og vi syng på gudstenesta i Bø kyrkje kl 1100. Der skal også Minikoret vera med! 
Frammøte kl 1030. Korantrekk. 

Mandag 12. desember klokka 17.00-19.00 er det GENERALPRØVE på Luciaforestillinga i Bø kyrkje. Forteljar Helga Samset kjem også og er med på gjennomkjøringa. Det er veldig viktig for gjennomføringa morgonen etter, at alle er der heilt til slutt! 
NB! Koret skaffer kostymer til alle, men de må stille med kvit eller svart langerma genser (korantrekk) 

Tysdag 13. desember er det Luciaforestilling klokka 07.00. Frammøte 06.30!!! Vi er ferdige med både forestilling og frokost før skuletid, men de må sjølve sørge for å komme dykk til skulen. 
Etter Lucia er det ikkje fleire øvingar før 5.januar (SingLett) og 9. januar (Seltin) 

Julaftan syng vi som vanleg - ALLE KORA - på gudstenesta som startar kl 1430. Antrekk: julefin. Møt i god tid, men det blir ingen øving! 

 

Dette var alt, trur vi ....

Helsing Grete og Rolf Og her er naudnummera: 

Grete: 915 56 348 

Rolf: 951 83 114